1Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg på deg, Herre! 2Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst! 3Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa? 4For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg. 5Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord. 6Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen. 7Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom. 8Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.