1Ein salme til lærdom av David då han var i helleren, ei bøn. 2Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti bed eg inderleg til Herren. 3Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg fram mi naud. 4Når mi ånd vanmegtast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ferdast, hev dei løynt snaror for meg. 5Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte frå meg, ingen spør etter mi sjæl. 6Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: «Du er mi livd, min lut i landet åt dei livande.» 7Agta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke. Før mi sjæl or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Kring meg skal dei rettferdige samla seg, når du gjer vel imot meg.