1Til songmeisteren, etter «Vitnemålslilja»; ein miktam av David til å læra, 2då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen. 3Gud, du hev støytt oss burt, du hev rive oss sund, du hev vore vreid, kveik oss upp att! 4Du hev fenge landet til å skjelva og rivna; bøt du bresterne, for det stend ikkje stødt! 5Du hev late ditt folk sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla. 6Men du hev gjeve deim som ottast deg eit merke til å hevja seg for sanning skuld. Sela. 7At dei du elskar må verta frelste, so hjelp oss no med di høgre hand, og bønhøyr oss! 8Gud hev tala i sin heilagdom: «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla. 9Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav. 10Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!» 11Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom? 12Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar? Gjev oss hjelp imot fienden, for mannehjelp er fåfengd! Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.